Versj. 11
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 24. juni 2022. Artikkelen endret 2 tegn fra forrige versjon.

Ivar Eskeland var ein norsk filolog og litteraturkritikar.

Eskeland var generalsekretær i Noregs Mållag frå 1955 til 1956 og leier frå 1960 til 1963. I tillegg hadde han desse stillingane:

Han har gitt ut mellom anna bøkene Halldór Kiljan Laxness. Menneske og motiv (1955) og Så seier soga (saman med Jon Leirfall, 1970). Han var også aktiv som omset med meir enn 120 omsetjingar til bokmål og nynorsk. Han gjorde også ein stor innsats for å formidle kunnskap om islandsk kultur og litteratur.

Eskeland var ein fritalande og humoristisk kåsør, noko som mellom anna er tydeleg desse bøkene:

  • Den norske folkesjel (1983)
  • Den norske folkespegel (1984)
  • Den norske oljesjel (1985)
  • Ha ein gløgg dag! (1991)

Han gav også ut så ulike biografiar som Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987) og Snorri Sturluson (1992), som også er gitt ut på engelsk).