Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 305 tegn fra forrige versjon.

Mons er eit mannsnamn som er norsk form av Magnus. Svensk har Måns og dansk Mogens av dette namnet. Mons har vore brukt i Noreg sidan 1400-talet.

Ei litt nedsetjande tyding har vi i ordet matmons og dessutan i det svenske tråkmåns som tyder ‘keisam person’. Ordet mons er også brukt om hannkatt.

Namnedag er 16. april. Magnus og Mohammad har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Mons, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 456 menn i Noreg som hadde Mons som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 23 gutar som fekk namnet Mons.

Mons var klart mest brukt i Hordaland og Sogn og Fjordane. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Maans.)