Versj. 59
Denne versjonen ble publisert av Lars Mæhlum 19. mai 2024. Artikkelen endret 364 tegn fra forrige versjon.

Nord-Aurdal er ein kommune i Innlandet fylke, midt i Valdres omkring Strondafjorden og øvre delen av Begna. Nord-Aurdal grensar i sør til Sør-Aurdal og Gol kommune, i nord til Vestre og Øystre Slidre, i aust til Gausdal, Nordre Land og Etnedal kommune.

Nord-Aurdal blei eigen kommune i 1837. Dei noverande grensene fekk kommunen i 1984, da Makalausfjellet blei overført frå Sør-Aurdal. Administrasjonssenteret i Nord-Aurdal er Fagernes.

Kommunen ligg midt i Valdres og omkransar Strondafjorden og øvste delen av elva Begna. Det høgaste fjellet i kommunen er Djuptjernkampen, 1325 moh. Fjellet ligg sør i Langsua nasjonalpark, på grensa til Gausdal og Nordre Land. Delar av nasjonalparken ligg i Nord-Aurdal. Langsua har ein nesten urørt natur, eit typisk austnorsk skog- og lågfjellsområde. I alt er 9 prosent av kommunens areal verna etter naturmangfoldlova.

I sørvest skrånar ei jamn fjellvidde ned mot Tisleifjorden (821–809 moh.); her er store setergrender på fruktbar fyllitt. I nordaust er fyllitten dekt av sandstein (sparagmitt), terrenget er her meir kupert. Begna er djupt nedskore og går i tronge strok, vekslande med vide flater.

Nord-Aurdal hadde vekst i folketalet i 1960- og 1970-åra, men etter 1980 gjekk folketalet noko attende. I tiårsperioden 2015–2024 auka folketalet med 1,5 prosent, mot 2,2 prosent i Innlandet fylke. I 2024 var 20 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 25 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).

Den største delen av busetnaden finst i hovuddalføret, med tettstadene Fagernes og Leira ved Strondafjorden og Aurdal noko lenger mot søraust. Fagernes er det viktigaste senteret for handel og tenesteyting i Valdres.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Nord-Aurdal. Tettstadene er til saman 4,0 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Fagernes 1 965 31 % 2,0 km²
Leira 941 15 % 1,1 km²
Aurdal 658 10 % 0,8 km²
Sum 3 564 56 % 4,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Nord-Aurdal kommune som bur i tettstaden.

Frå å vere ein opphavleg jord- og skogbrukskommune har Nord-Aurdal utvikla seg til ein viktig tenesteytande kommune både for turistar og befolkninga i Valdres. Offentleg, sosial og privat tenesteyting, varehandel og hotellverksemd er viktigast for sysselsetjinga i kommunen.

Det er stor turisttrafikk, med naturen som viktigaste trekkplaster. Mange turistanlegg finst på Fagernes og fleire stader i fjellet på begge sider av hovuddalen. Nord-Aurdal er ein av landets største hyttekommunar, med 4831 hytter og fritidsbustader (2024). Primærnæringane betyr framleis ein del, og hovudvekta ligg på husdyrhald. Industrien er variert, og særleg viktig er næringsmiddelindustrien og grafisk industri. Leira har noko handel og grossistverksemd.

Nord-Aurdal er kommunen med femte størst vasskraftproduksjon i Innlandet, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei fem vasskraftverka i kommunen produserer til saman 636 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Åbjøra (i drift fra 1951), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Faslefoss (1980) og Fossbråten (2014). Skagerak Kraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Hafslund ECO Vannkraft med om lag ein tiandedel.

Avisa Valdres kjem ut fire gonger i veka på Fagernes.

Fagernes var tidlegare endestasjon for Valdresbanen frå Eina (nedlagd for persontrafikk i 1989). E16 (stamveg mellom Aust- og Vestlandet) går gjennom kommunen. Frå Fagernes går Fylkesveg 51 nordover Øystre Slidre og over Beitostølen og Valdresflye til Vågå. Frå Leira går Fylkesveg 51 sørvestover til Gol, og det er fylkesvegsamband austover via Etnedal til Lillehammer og Gjøvik. Fagernes lufthavn, Leirin ligg nord for administrasjonssenteret. Fagernes Skysstasjon er hovudknutepunkt for gods- og passasjertrafikken i Valdres.

På Leira ligg Valdres vidaregåande skule og Valdres folkehøgskule.

Nord-Aurdal høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Etnedal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Nord-Aurdal kommune svarer til dei seks sokna Aurdal, Skrautvål, Svenes, Tingnes, Tisleidalen og Ulnes i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Nord-Aurdal til Valdres fogderi i Kristians amt.

For statistiske formål er Nord-Aurdal kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 38 grunnkrinsar:

  • Skrautvål: Nord-Etnedal, Skrautvål, Sebu, Døvre, Ranheim, Døvrismørke, Fagernes nord-Husaplassen, Fagernes nord-Skrautvålsvegen, Fagernes vest-Nes, Fagernes sentrum, Fagernes øst-Tveit, Fagernes sør-Håvelsrud, Fagernes sør-Moaskogen, Leira nord-Føssebrøtin, Leira sør-Måno, Skavelden, Skrautvål Heimås, Skrautvål sameie
  • Aurdal: Aurdal nord-Bø, Aurdal sør-Sørei, Aurdal vest-Sagbråten, Bjørgo, Lien, Tisleidalen, Vestringsbygda, Åbjør, Vestringsbygda sameie, Svennes sameie, Aurdalsåsen
  • Svennes: Østre Ulnes, Fodnes, Strand, Hådem, Lo, Rye, Vestre Ulnes, Hippe, Ulnes sameie

Den rike bygdekulturen i Valdres blir teken vare på og formidla ved Valdres Folkemuseum, som ligg like utanfor Fagernes sentrum. Valdres folkemuseum er landets fjerde største museum i sitt slag med blant anna utstillingar av folkedrakter og gamle handverkstradisjonar. Kvart år i juli blir det store folkemusikkstemnet Jørn Hilme-stemnet avvikla på Fagernes. Norsk Rakfiskfestival er ein av dei største matfestivalane i landet, og blir arrangert på Fagernes kvart år i november. Blant idrettsanlegga kan nemnast Valdres Alpinsenter i Aurdal.

Ulnes kyrkje er ei langkyrkje i stein, bygd rundt år 1200 og påbygd 1891–1994. Aurdal, Skrautvål og Strand kyrkjer er alle frå 1700-talet. Langs elva Fasle finst fleire gravrøyser frå bronsealderen.

Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut fire dagar i veka, med stoff både på bokmål og nynorsk.

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har tre blå fembladingar, to over ein, mot ein gullfarga bakgrunn. Motivet viser til blomen snøsøte.

  • Valdres bygdebok, 1954-, 8 bind.