Alf Saltveit var ein norsk forfattar, omsetjar og kulturskribent med lærarutdanning og -bakgrunn.
Sidan debuten med lyrikksamlinga Gneistar i 1982 skreiv han ei lang rekkje bøker og artiklar på nynorsk – diktsamlingar, tekstsamlingar, romanar og lokalhistorie. Mange av dei lokalhistoriske artiklane hans blei først publiserte i Haugesunds Avis og kom seinare i bokform. I fleire av romanane får heimbyen Haugesund gjennomgå. Typiske titlar er Byen 2000 (2000) og Drops for Haugesund (2004). Han har òg redigert fleire lokalhistoriske bøker.
Saltveit er best, men minst kjend, som ein framifrå gjendiktar. I Tonen som kom (1989) gjendikta han den nordirske poeten Seamus Heaney til norsk seks år før Heaney fekk nobelprisen i litteratur. Saltveit har òg gjendikta Michael Krüger, Paul Muldoon og Carlos Drummond de Andrade.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.