Animal Farm er eit kraftfullt litterært uttrykk for pessimismen og resignasjonen Orwell kjende etter nederlaget i kampen mot Franco i Den spanske borgarkrigen og utviklinga i Sovjetunionen. Det originale med den korte romanen boka ligg i forfattarens enkle stil og effektive forteljemåte, særleg i det «dyreperspektivet» han innfører og meisterleg gjennomfører.
Opninga på forteljinga er optimistisk og idealistisk: Dyra på ein gard gjer opprør og jagar vekk bonden, tar sjølve over styringa av garden og vil prøve å realisere eit klasselaust demokrati basert på likestilling og likeverd. Det går berre ikkje. I staden får vi ei uhyggeleg rask utvikling til eit totalitært despoti under grisen Napoleon og polititroppane hans – illsinte hundar som Napoleon brukar til å kontrollere mengdene med idiotiske sauer. Først heiter det at alle dyr er like, så at somme dyr er «likare enn andre», og til slutt går grisene på to og festar saman med dei menneska dei gjorde opprør mot. Utviklinga har blitt ein sirkel: «Revolusjonen» var berre eit maktforskyving, og grunnstrukturen i samfunnet er den same anten det er bonden eller grisane som har makta.
Animal Farm er meir kompleks og samansett enn eit kort handlingssamandrag kan tyde på. Boka er ein satire der Orwell kritiserer utviklinga i Sovjetunionen etter den kommunistiske revolusjonen (Napoleon minner tydeleg om Stalin). Men satiren går eigentleg langt ut over Sovjet og er retta mot det Orwell såg som utviklinga til kvar revolusjon. Det er her sosialisten Orwell blir verkeleg pessimistisk, og det er her boka tydelegast peikar framover mot Nittenåttifire. Ein av grunnane til pessimismen er at Orwell miste trua på at revolusjon kunne bidra til å eliminere klasseforskjellane i samfunnet.
Animal Farm eit framifrå eksempel på ein litterær tekst som trass i all pessimisme skaper innsikt gjennom medrivande og kosteleg underhaldning. Det kanskje viktigaste verkemiddelet er kombinasjonen av det gjennomførte dyreperspektivet og måten Orwell karakteriserer dyra på garden på, for eksempel det gamle kyniske eselet Benjamin og den feite grisen Squealer. Dei litterære verkemidla er samansette. Satiren er samankopla med analogiar og ironi, og den gjennomførte bruken av ein dyrefabel har ein framandgjeringseffekt som ikkje berre minner Jonathan Swifts Gullivers reiser (1726), men også knyter an dei framandgjerande verkemidla i Bertolt Brecht sine drama. Vi ler av dyra i Animal Farm, men litt mindre hjarteleg når vi innser at eigentleg er det ikkje sjølve dyra vi ler av, men derimot desse dyra sine menneskelege haldningar og åtferdsmønster.
Den ungarsk-britiske animasjonsfilmskaparen John Halas regisserte og produserte i samarbeid med Joy Batchelor ein teiknefilmversjon, Animal Farm (1954). Dette var den første lengre teiknefilmen (71 minutt) produsert i Storbritannia.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.