Arnljot er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Arn-ljótr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet kanskje ‘lys’.
Arnljot (mannsnamn)
Personar med namnet Arnljot
Kulturell bruk
- Bjørnstjerne Bjørnsons helteepos «Arnljot Gelline» (1870) handlar om ein fredlaus mann (frå Jemtland) som ifølgje Snorre var på Olav den heilages side i slaget på Stiklestad. Arnljot fall i slaget.
Kjende personar med namnet Arnljot
Eit utval personar med namnet Arnljot, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Arnljot Kjeldaas (1916–1997)
- Arnljot Strømme Svendsen (1921–2022)
- Arnljot Norwich (1922–1994)
- Arnljot Eggen (1923–2009)
- Arnljot Høyland (1924–2002)
- Kjell Arnljot Wig (1924–2015)
- Arnljot Berg (1931–1982)
- Harald Arnljot Øye (1935)
- Arnljot Gelline (–1030)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 450 menn (fødde i Noreg) som hadde Arnljot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.