Arnor er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Arn-þórr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’, og etterleddet viser til gudenamnet Tor.
Arnor har same bakgrunn som Andor.
Arnor er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Arn-þórr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’, og etterleddet viser til gudenamnet Tor.
Arnor har same bakgrunn som Andor.
Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Arnor Havstad fødd 1891 i Aker.
Eit utval personar med namnet Arnor, og som er omtalt i Store norske leksikon:
I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Arnor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.