Beauforts vindskala blir brukt til å angje vindstyrke med namn og talverdi frå 0 til 12.
Faktaboks
- Uttale
-
båfårs- eller boufəts-
I Noreg er det mest vanleg å bruke namna, som bris, kuling eller storm, gjerne saman med vindstyrke i meter per sekund (for eksempel liten kuling 12).
Skalaen vart utvikla i 1806 av irske Francis Beaufort (1774–1857), som var kontreadmiral (rear admiral) og kartteiknar i den britiske marinen.
Beaufort | Norsk nemning | Vindstyrke i knop | Meter per sekund |
---|---|---|---|
0 | Stille | < 1 | 0,0–0,2 |
1 | Flau vind | 1–3 | 0,3–1,5 |
2 | Svak vind | 4–6 | 1,6–3,3 |
3 | Lett bris | 7–10 | 3,4–5,4 |
4 | Laber bris | 11–16 | 5,5–7,9 |
5 | Frisk bris | 17–21 | 8,0–10,7 |
6 | Liten kuling | 22–27 | 10,8–13,8 |
7 | Stiv kuling | 28–33 | 13,9–17,1 |
8 | Sterk kuling | 34–40 | 17,2–20,7 |
9 | Liten storm | 41–47 | 20,8–24,4 |
10 | Full storm | 48–55 | 24,5–28,4 |
11 | Sterk storm | 56–63 | 28,5–32,6 |
12 | Orkan | > 63 | > 32,6 |
Styrkenemningane og fartsintervalla i tabellen over refererer til middelverdien i vinden, det vil seie gjennomsnittleg vindstyrke. Det er vanleg å bruke gjennomsnittleg vindstyrke over ti minutt for å angje middelvind.
Beauforts vindskala var opphavleg utvikla for å skildre verknaden i vinden på sjø og skip. Seinare har òg skildringar av verknaden i vinden på land, og i fjellet, kome til.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.