Berit Pynte var ein landskjend norsk langeleikspelar på 1800-talet. Ho reiste Noreg rundt med musikken og dokkespelet sitt, og ho er ein viktig tradisjonsformidlar av norsk folkemusikk.
Berit Pynte var fødd i Vestre Slidre i 1812. Saman med mannen, Andris Andrissen Skjefte, gjorde ho husmannsplassen deira, Pynten i Vestre Sildre, til ein stoppestad for skysskarar og ein turistattraksjon for norsk og utanlandsk borgarskap. Pynte tente gode pengar på å underhalde med langeleiken sin, og om ho ikkje hadde levande dans, hadde ho tredokker som gjorde same nytta.
Utanfor sesongen drog Pynte til hovudstaden, Bergen eller Sogn for å spele. Pynte framførte eit tradisjonelt langeleikrepertoar frå øvre Valdres og var kjend som ein uvanleg dugande utøvar. Ho var inspirasjonskjelde for Edvard Grieg, og folketonesamlar Ludvig M. Lindeman skreiv ned seksten av slåttane hennar i 1865. Tre av langeleikane til Pynte finst på Ringve Musikkmuseum i Trondheim.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.