Chloe er eit kvinnenamn som kjem av gresk chloe som tyder ‘ungt skott på grein’. Chloe er brukt som tilnamn på Demeter, fruktbarheitsgudinna i gresk mytologi.
Chloe (kvinnenamn)
Personar med namnet Chloe
Kulturell bruk
- I barokklitteratur opptrer Chloë ofte i hyrdescener, som i romanen «Daphnis og Chloë» av den greske diktaren Longus (100-talet).
- Balletten «Daphnis og Chloé» til musikk av Maurice Ravel (1912).
Kjende personar med namnet Chloe
Eksempel på ein person med namnet Chloe som er omtalt i Store norske leksikon:
- Chloë Sevigny (1974)
Namnestatistikk
I 2022 var det 232 kvinner i Noreg som hadde Chloe som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.