Fluenes herre går i dialog med to klassiske reiseforteljingar i engelsk litteratur, Daniel Defoes Robinson Crusoe (1719) og R. M. Ballantynes Koralløya (1857). Defoes hovudperson er ein britisk mann som lir skipbrot og må klare seg åleine på ei ukjend øy. Defoes framstilling av Robinsons evne til å overleve under primitive forhold har gjort boka legendarisk, noko namnet til realityserien Robinsonekspedisjonen spelar på.
Handlinga i Fluenes herre utfordrar den i Robinson Crusoe ved å stille spørsmål ved ein kvit manns evne til å meistre situasjonen på den ukjende øya slik Robinson gjer. Endå tydelegare utfordrar Golding Ballantynes Koralløya (1857), som representerer victoriatidas syn på den kvite mann (og kvite tenåringsgutar) som den overlegne «rasen» på jorda.
I Koralløya reddar hovudpersonane Ralph (15 år og førstepersonsforteljar), Jack (18 år) og Peterkin (14 år) seg i land på ei øy i Polynesia etter eit skipbrot. Her blir dei oppdagarar og skattejegerar samtidig som dei innfører den vestlege sivilisasjonen til dei innfødde. Ungdomsromanen til Ballantyne hadde ein sterk lesarappell, og i Storbritannia og mange andre land – inkludert Noreg – var Koralløya framleis ei populær gutebok på 1950-talet. I barne- og ungdomslitteraturen er ho det til dels framleis.
Koralløya er ein robinsonade, ei forteljing som inspirert av Defoes Robinson Crusoe presenterer (og inviterer lesaren til å identifisere seg med) personar som klarer å overleve under isolerte og utfordrande forhold. Andre bidrag til denne sjangeren inkluderer Jules Vernes Den hemmelighetsfulle øya (1875, omsett til norsk i 1876) og Oluf Vilhelm Falck-Ytters Haakon Haakonsen. En norsk Robinson (1869, filmatisert av Nils Gaup i 1990).
Fluenes herre imøtegår robinsonadetradisjonen. Der Koralløya er idyllisk, er Fluenes herre anti-idyllisk. Der Ballantine er optimistisk på vegne av mennesket (og særleg den kvite mannen), er Defoe pessimistisk. Det er ikkje tilfeldig at Ralph og Jack er namn på to av hovudpersonane i begge bøkene. Og offiseren som til slutt går i land på øya, viser til Koralløya.
Seinare reiseforteljingar som på ulike måtar har vidareført og nyansert dei anti-idylliske aspekta ved Goldings roman, er mellom anna Sven Wernströms De hemmeliges øy (1966), Michel Tourniers Vendredi ou les limbes du Pasifique (1967) og J. M. Coetzees Foe (1986). Gjennom ulike former for dialog med og kritikk av Defoes Robinson Crusoe og Ballantynes Koralløya illustrerer Fluenes herre og bøkene til Wernström, Tournier og Coetzee variantar av intertekstualitet.
Kritikken av robinsonadetradisjonen i Fluenes herre inkluderer ei kritisk haldning til britisk (og vestleg) imperialisme. Då romanen kom ut i 1954, var mange koloniar i ferd med å lausrive seg frå Storbritannia. Støtten som romanen indirekte uttrykkjer til denne historiske prosessen, blir tydelegare dersom lesaren relaterer ho til Koralløya. Goldings kritiske haldning til vestleg imperialisme er primært skapt av reaksjonen hans på valdsbruk mot andre menneske. At valdsofferet som regel er fysisk svakare enn personen som utøver vald, bidrar til at valdsutøvinga slik Golding presenterer ho i Fluenes herre, framstår som destruktive, vonde handlingar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.