Harald Ofstad var ein norsk filosof og samfunnsdebattant. Ofstad var ein av dei mest profilerte norske moralfilosofane i siste halvdel av 1900-talet. Han budde og arbeidde for det meste i Sverige og sette spor etter seg som forskar, forfattar og samfunnsdebattant i begge land.
Ofstad arbeidde særleg med etikk og rettsfilosofi. Han klargjorde etiske tenkjemåtar, skreiv om fridom og ansvar. I hovudverket An Inquiry into the Freedom of Decision (1961) drøftar han kva det vil seie at mennesket har fridom til å velje.
Liksom andre norske filosofar og samfunnsvitarar i åra etter krigen var Ofstad oppteken av å studere nazismen og den autoritære personlegdomen. I 1971 gav han ut Vår forakt for svakhet. En analyse av nazismens normer og vurderinger. Eit intellektuelt testamente var boka Vi kan ändra världen, som kom i 1987.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.