Idse er ein langstrekt og delvis skogkledd øy i Strand kommune i Rogaland, ved munninga av Høgsfjorden, sørvest for Jørpeland. Øya har eit areal på 4,9 kvadratkilometer; høgaste punkt er Storvarden på 142 meter.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Idsøy
Idse hadde 116 innbyggjarar i 2017 inkludert dei tilstøytande øyane Idsal i aust, og Heng og Hidle (Sør-Hidle) i vest. I aust skil det tronge Idsesundet Idse frå den 3,1 kvadratkilometer store auga Idsal. Over sundet går fylkesveg 4640 i ei bru som knyter saman Idse med Idsal og vidare austover til fylkesveg 523 på fastlandet. Nord for øyane går Idsefjorden inn til Jørpeland. Det er mange fritidsbustader på øya.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.