Det første ein høyrer om Ingerd Ottesdotter i dei historiske kjeldene, er indirekte, i eit brev frå 1494. Brevet opplyser at Niels Henriksson og hustru vart opptekne i brorskapet til Nonneseter kloster i Bergen. Fru Ingerd er ikkje nemnd med namn, og ho er heilt anonym i brevmaterialet så lenge ektemannen levde. Han døydde seint på året 1523, og like etter markerer fru Ingerd seg både som godseigar og på den politiske arenaen.
Fru Ingerd hadde arva fleire eigendommar etter faren, men arvegodset ikkje nok for henne. Med god hjelp frå den velskolerte svigersonen Vincens Lunge freista ho å dra inn under seg godskompleks som ho hevda rett til. Først stod Giske-godset for tur, den godsmengda som Alv Knutsson hadde fått utlagt i 1490, og som hans soneson Karl Knutsson døydde frå i 1520. Fru Ingerd drog godset inn under seg, og først i 1533, etter dom av riksmøtet på Bud, måtte ho gje det frå seg. Men arvetrettene heldt fram til 1539–1540, då fru Gørvel Fadersdotter vart tildømt godset.
På den tida hadde ho også måtta melde pass i den lite ærefulle striden ho førde mot Ingerd Erlendsdotter, «gamle fru Ingerd». Denne arvestriden vart avslutta i 1529, då ein herredag i Oslo slo fast at godset skulle tilhøyre borna til Otte Holgerssøn. I 1526 prøvde fru Ingerd å få tak i Evje gard og gods i Rygge frå Gaute Galle, og i 1539 søkte væpnaren Trond Benkestokk hjelp av Eske Bille for å hindre at ho fekk hand om Meløy-godset på Helgeland. Eske Bille vart også bedt om å «gange y rette» med henne då ho prøvde å sikre seg del av arven etter svigersonen Niels Lykke.
Ingen av desse arvesakene vann fru Ingerd fram med, derimot fekk ho stor vinning på andre område. I konkurranse med erkebiskop Olav Engelbrektsson greidde svigersønene Vincens Lunge og Erik Ugerup å sikre seg dei lena som Ingerds ektemann Niels Henriksson døydde frå. Erik Ugerup fekk Vardøhus (seinare ombytt med Tønsberg len og St. Olavs kloster), medan Vincens Lunge overlet Fosen, Edøy, Romsdal og Sunnmøre til svigermora. Ingerd hadde i tillegg Stjørdalen og Herjedalen som pantelen, så brått hadde ho vorte ein av dei større «lensherrane» i landet. I 1529 overlet ho lena til Niels Lykke. Han hadde tidlegare styrt pantelena til svigermora, men i 1531 overtok ho dei sjølv. Stjørdalen fekk ho livstidsbrev på i 1537, og fire år seinare fekk ho på nytt Romsdal, saman med Reins kloster.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.