Ingrid Storholmen er lyrikar og litteraturkritikar. Storholmen er ein samtidslyrikar med stor vilje og evne til eksperimentering, også med typografisk uttrykk og form på bøkene sine.
Storholmen er fødd i Verdal i Trøndelag. Ho tok mellomfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo i 1996 og hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen i 2000. Ho studerte ved forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark (no Universitetet i Søraust-Noreg) i 2000.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.