Ivar Kleiva var ein norsk lærar, lokalhistorikar og forfattar. Han gav ut fleire barnebøker, men skreiv òg dikt og prosa for vaksne.
Ivar Kleiva tok examen philosophicum ved Universitetet i Oslo i 1925, eksamen ved Stord lærarskule i 1926 og Statens husflidskule på Blaker i 1932.
Kleiva var lærar ved Gryllefjord skule i Torsken i Troms i 1927–1940, Farstad skule i Haram (no Ålesund) på Sunnmøre i 1940–1946, og styrar ved Dalsøyra skule i Gulen i Sogn i 1946–1970. Som pensjonist busette han seg i Arna.
Etter debuten med barneboka Med Steggen på Storegga (1946) skreiv han åtte barnebøker. Kleiva skreiv òg bygdebøker, artiklar og dikt.
I dikta for vaksne kan ein møte eit opprørsk, men kjenslevart diktar-eg. Kleiva skreiv òg songar med nasjonalromantisk karakter. «Draumelandet» sette han melodi til. Kordirigent, foredragshaldar og radiokåsør var han òg.
Kleiva var formann for arbeidarparti-laga både i Torsken og i Gulen. Han fekk Melsomprisen i 1954, Norddals Kulturpris i 1983 og Kongens fortenestemedalje i 1983.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.