Faktaboks

Jakob Thelle

Jakob Solgaard Thelle

Fødd
12. oktober 1999, Tønsberg

Jakob Thelle er ein norsk volleyballspelar frå Tønsberg. Han spelar oppleggar både for klubblag og det norske landslaget. Thelle er den tredje nordmannen som nokon gong har vunne den amerikanske universitetsserien i volleyball. Han spelar no for Le Plessis-Robinson volleyball i Frankrike.

Karrière

Jakob Thelle byrja å spele volleyball i moderklubben Flint Tønsberg då han var ti år gammal. Seinare gjekk han til ToppVolley Norge i Rogaland, før han flytta som student til USA og spelte fem år for University of Hawaii i den amerikanske universitetsserien.

Som oppleggar var Thelle ein nøkkelspelar på laget som vann den nasjonale universitetsserien (NCAA) i 2021 og 2022. Thelle vart med det den tredje nordmannen som har blitt seriemeister på det øvste nivået i USA i volleyball, etter Asbjørn Vølstad og Bjarne Nikolai Huus. Thelle vart og kåra til årets oppleggar og valt inn på årets lag i den nasjonale serien, og han sette ny skulerekord i tal serveess på ein sesong med 61 ess.

I 2023 vart Thelle kåra til årets beste spelar i den amerikanske serien. Det var trenarane gjennom foreininga AVCA (American Volleyball Coaches Association) som stod bak kåringa, etter det som var Thelle sin siste sesong i USA.

Det same året signerte nordmannen ein treårskontrakt med italienske Cucine Lube Civitanova, også kalla AS Volley Lube, som då var eitt av dei beste laga i verda. Sommaren 2024 gjekk han vidare til franske Le Plessis-Robinson Volley-Ball.

Jakob Thelle vart tatt ut på det norske seniorlandslaget for første gong i august 2017. Han var då berre 17 år.

Merittar

  • To gull i amerikansk universitetsserie (2021 og 2022)
  • Sølv i amerikansk universitetsserie (2023)
  • Sølv i italiensk supercup (2024)
  • Bronse i Champions League (2024)
  • Årets spelar i amerikansk universitetsserie (2023)

Klubbar

  • Tønsberg Volleyballklubb (-2017)
  • ToppVolley Norge (2017-2018)
  • University of Hawaii (2018-2023)
  • Cucine Lube Civitanova (2023-2024)
  • Le Plessis-Robinson volleyball (2024-

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg