Laila Gustavsen er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som var stortingsrepresentant frå Buskerud i 2009–2013.
Laila Gustavsen
Faktaboks
- Fødd
- 24. oktober 1973, Ringerike, Buskerud

Bakgrunn
Laila Gustavsen er fødd på Ringerike. Ho tok fotterapeut-utdanning ved Åssiden videregående skole i 1992–1993 og enkeltfag ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1999–2001. Gustavsen arbeidde som fotterapeut i 1994–1999, deretter ved Knerten SFO på Kongsberg i 1999–2001. Ho var avdelingsleiar ved NAV på Kongsberg i 2004–2005.
Politisk karriere
Gustavsen var leiar av Ådal AUF i 1989–1991 og seinare i Kongsberg AUF. Ho var medlem av Buskerud fylkesting i 1995–1999 og fylkesutvalet i Buskerud i 1999–2003. I perioden 2004–2005 var ho medlem av Aps kvinnepolitiske styre i Buskerud, og ho vart leiar av Kongsberg Arbeidarparti i 2008.
Gustavsen var vararepresentant til Stortinget i 2001–2009 og 2013–2017. Ho var statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet i 2005 og i Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2006–2009. Gustavsen var fast stortingsrepresentant frå Buskerud i 2009–2013 og medlem av utanriks- og forsvarskomiteen.
Andre verv
Gustavsen var leiar av Europabevegelsen i Buskerud i 2004–2006 og er medlem av sentralstyret i Europabevegelsen frå 2011.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.