Loen

Loen.

Loen kyrkje.

Natur
Loen ligg ved den inste armen av Nordfjorden. Dalføret Lodalen strekkjer seg søraustover i retning av Lodalskåpa og Høgste Breakulen på Jostedalsbreen. Området er eit kjent turiststrøk med vill, storslått og vekslande natur, særleg rundt Lovatnet søraust for fjordbotnen. Inst i den ville Kjenndalen ligg den lett tilgjengelege Kjenndalsbreen.
Skred
Inst ved Lovatnet har det gått fleire skred: i 1884 på nordsida av Bødal, aust for vatnet, og i 1893 og 1896 i Kjenndalen opp for sørenden. Dei største skreda fann stad i 1905 og 1936, sjå Loenulykkene.
Næringsliv
Nordfjord Kjøtt er blant dei største bedriftene i Loen. Dessutan er hagebruk ein viktig næringsveg, og turismen har auka dei seinare åra. Loen blir besøkt av nær 10 cruiseskip i året. Frå Nesdal og Bødal ved sørenden av Lovatnet finst breovergangar til Jostedal.
Hotel Alexandra er frå 1884. Pendelbana Loen Skylift til fjellet Hoven stod ferdig i 2017. Klatrestien Via Ferrata Loen går også til toppen av Hoven, som ligg 1011 meter over havet. På toppen av fjellet ligg ein restaurant.
Namn
Opphavleg er Loen eit fjordnamn, norrønt Lóði. Det har kanskje samanheng med ló, ‘slette’ (ved vatn).
Kart

Les meir i Store norske leksikon
-
Sommar ved Lovatnet
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.