Jeg nekter å tenke, bokomslag

Lotta Elstad er ein norsk forfattar og redaktør med bakgrunn frå Forlaget Manifest og Manifest Tankesmie.

Forfattarskap

Elstads debut var sakprosa. I arbeidet med dokumentaren En såkalt drittjobb tok Elstad jobb som reinhaldar på eit Thon-hotell. Dette er ein metode som ein har høyrt om før frå til dømes den tyske forfattaren Günther Wallraff. Wallraff tok jobb under falsk identitet og i forkledning for å avsløre mørkesidene av tysk medierøynd, mens Elstad arbeidde under eige namn. Ho erfarte likevel uføreseielege arbeidstider og andre dårlege arbeidsvilkår, og skreiv ei bok som blir skildra av meldarar som både viktig og lettlesen. Avsløringane i boka om sosial dumping og andre sosio-økonomiske samfunnsproblem skal også ha inspirert Stoltenbergregjeringa til å endre arbeidsmiljølova.

Den skjønnlitterære debuten var romanen Ettromsleiligheten (2012). I 2017 kom Jeg nekter å tenke, som mellom anna tematiserer abort og det å vere ung kvinne i Noreg på titalet. Romanen skildrar ymse formar for flukt, og er skrive i eit språk som opplevast som heilt rett for tematikken. Stilen er drivande og full av kraft og forteljarrøysta fandenivoldsk. Denne boka vart solgt til utlandet og kan reknast som Elstads skjønnlitterære gjennombrot.

Utgjevnadar

  • En såkalt drittjobb, sakprosa, Manifest, 2008
  • Ettromsleiligheten, roman, Flamme, 2012
  • Fellesskap som fungerer 1. Om velferdsordingene våre og mytene som truer dem, sakprosa, Manifest, 2013:
  • Et eget rom, roman, Flamme, 2014
  • Den spanske sensasjonen Podemos – og hvordan gjøre venstrepopulisme i krisens tid, sakprosa, Flamme, 2015
  • Jeg nekter å tenke, roman, Flamme, 2017
  • Xiania 1, roman, Cappelen Damm, 2023
  • Xiania 2, roman, Cappelen Damm, 2024

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg