Faktaboks

Magnhild Bruheim
Fødd
17. september 1951, Skjåk, Innlandet
Magnhild Bruheim
Av /NTB scanpix.

Magnhild Bruheim er ein norsk forfattar og journalist. Forfattarskapen omfattar ei rad kriminalromanar, mange barne- og ungdomsbøker, og eit par faglitterære utgjevingar.

Bruheim er fødd i Skjåk, og er niese av diktaren Jan-Magnus Bruheim. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Oslo i 1982, og har tilleggsutdanning som journalist. Frå 1986 til 2000 var ho tilsett som journalist i NRK, først i Oslo, seinare på Lillehammer. Seinare har ho vore heiltidsforfattar og frilansjournalist. Bruheim skriv bøkene sine på nynorsk og har heile livet vore målpolitisk engasjert. Ho var til dømes leiar i Norsk Målungdom 1978–1979.

Forfattarskap

Bruheim debuterte i 1997 med kriminalromanen Varselet og innleidde med det ein kriminallitterær forfattarskap som hevdar seg godt mellom dei mange norske krimforfattarane som utvida og fornya norsk krim frå midt på 1990-talet og framover. Det var ein periode der særleg kvinnelege krimforfattarar sto fram med spennande og velskrivne kriminalromanar der ugjerning, etterforsking og oppklaring følgde velkjende mønster, medan både miljø og etterforskarar og mordgåte kunne vere overraskande og fornyande. Bruheim har i likskap med mange krimforfattarar etablert ein gjennomgangs- eller seriefigur – politietterforskar Mons Strand (lensmann i fjerde boka) som løyser mordgåter i ei lita fjellbygd der ingen skulle tru at slikt kunne finne stad. Det er mange løyndomar som ikkje tåler å kome til overflata også i bygdelag der alle veit alt om dei andre. Det skiftar mellom mord under ein nyttårsmaskerade (Maskerade) til mordbrann (Utan englevakt) til eit uventa arveoppgjer som fører til drap når vondskap og ulukke og hat gjennom generasjonar kjem opp i dagen (Svart arv). Dragsug let oss møte nye politifolk, men har også eit spennande nytt element ved det at ein av personane lagar ein radiodokumentar og kjem over farlege ting.

Den siste kriminalromanen i det som såg ut til å ta slutt med utgjevinga av Nattskrik i 2008 har journalisten Tuva Velid og faren hennar, førstebetjent Hans Velid, i sentrum der dei må etterforske eit drap som skjer på Sota Sæter. Men i 2024 vender Bruheim tilbake til krimsjangeren med Stjernefallet, og denne gongen har Tuva Velid ein endå meir sentral rolle der ho skal skrive om ein kjend kvinneleg skodespelar som plutseleg avbraut karrieren. Så blir skodespelaren funne død i eit hus ho har på Finnskogen, og både Velid og politiet må grave djupt i løyndomar frå fortida der tilhøvet mellom tater og fastbuande blir avgjerande.

Kriminalromanar

  • Varselet (1997)
  • Maskerade (1999)
  • Utan englevakt (2000)
  • Svart arv (2001)
  • Dragsug (2002)
  • Nattskrik (2008)
  • Stjernefallet (2024)

Barne- og ungdomsbøker

  • Ny melding (2003)
  • Venneringen (2007)
  • På flukt (2010)
  • Blod på hendene (2011)
  • Det som er sant (2013)
  • Motorsykkelmysteriet (2014)
  • Hyttemysteriet (2015)
  • Bjørnemysteriet (2016)
  • Avlyst på grunn av sorg (2019)

Bøker i andre sjangrar

  • Lykkeland. Norsk slagertradisjon frå Søstrene Bjørklund til Fru Johnsen (saman med Sissel Bjørgan; 2000)
  • Matminne frå Gudbrandsdalen (saman med Hilde og Stig Grytting, 2004)
  • Trolldomskraft (historisk roman, 2005)
  • Det som eingong var (oppvekstskildring, 2010)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg