Marte er eit kvinnenamn som er samantrekt nordisk form av Margareta. I nyare tid kan Marte tolkast som e-form av Marta.
Marte (kvinnenamn)
Personar med namnet Marte
Kulturell bruk
- Marte Svennerud er ei raus kvinne i Barbra Rings juleforteljing «Itte no knussel» (1909).
- Eit av barna i Anne-Cath Vestlys «Mormor og de åtte ungene» heiter Marte. Boka, som kom ut fyrste gong i 1957, har seinare vorte filmatisert (1977 og 1979).
Kjende personar med namnet Marte
Eit utval personar med namnet Marte, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Marte Sæther (1944)
- Marte Aas (1966)
- Marte Michelet (1975)
- Marte Olsbu Røiseland (1990)
- Marte Spurkland
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Marta og Martha slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Sidan år 1900 har formene med [h] (Marthe og Martha) vore omtrent like mykje brukte som dei utan [h], og variantane med [h] er slått saman med dei utan [h] i kurvene også for tida etter år 1900. Tidleg på 1800-talet var det heile 3,9 prosent av jentene som fekk namnet Mart(h)e, men deretter gjekk det jamt nedover med dette namnet utover på 1800-talet. Mart(h)a derimot hadde ei noko anna popularitetsutvikling på 1800-talet Også denne forma gjekk nedover på 1800-talet etter ein toppfase tidleg i det hundreåret, men frå 1865–69 fekk Mart(h)a eit oppsving fram mot år 1900, og Mart[h)a var nummer 4 på ranglista 1890–1894. På 1900-talet kan namneparet Mart(h)a – Mart(e) jamførast med til dømes Hilda – Hilde og Helga – Hege. Tidleg på 1900-talet var forma på -a mest brukt, men i siste del av 1900-talet dominerte dei på -e i desse namnepara.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Marte var mest brukt i Hedmark.
Marte var mest brukt i Hedmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Marthe.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.