Memurutindan er ei rekke med spisse tindar i Lom kommune, nord for Gjende i Jotunheimen. Memurutindan omkransar Austre Memurubrean.
Høgast er Store Memurutinden (2366 meter over havet) mellom Veobrean og Austre Memurubrean. Vestre Memurutindan reiser seg mellom Austre og Vestre Memurubrean; fleire av toppane her er over 2200 meter over havet.
Frå Austre og Vestre Memurubrean kjem bekkar som samlar seg i elva Muru og renn gjennom Memurudalen ut i Gjende ved Memurubu turisthytte. Fjellet mellom dalen og Gjende heiter Memurutunga.
Kommentarar (2)
skreiv Geir Thorsnæs
skreiv Lars Mæhlum
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.