Mette er eit kvinnenamn som kan vere dansk form av Margareta. Namnet kan også vere nedertysk kjæleform av Mecht-hild. Forleddet tyder ‘makt’ og etterleddet ‘strid’ (sjå Mathilde).
Mette (kvinnenamn)
Personar med namnet Mette
Kulturell bruk
- I Johan Herman Wessels komedie «Kierlighed uden Strømper» (1772) er Mette venninna til hovudpersonen Grethe.
Kjende personar med namnet Mette
Eit utval personar med namnet Mette, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Mette Janson (1934)
- Mette Kongshem (1941)
- Mette Newth (1942)
- Mette Ravn (1943)
- Mette Masst (1955)
- Mette Mestad (1958)
- Mette Nord (1959)
- Mette Bergmann (1962)
- Mette-Marit (1973)
- Mette Frederiksen (1977)
- Mette Barlie
- Mette Edvardsen
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Mette, med topp i 1960-åra, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke.
Utvikling i bruk av namnet Mette frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet

Mette var klart mest brukt i Nord-Trøndelag.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Mette på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Mette var klart mest brukt i Nord-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Methe.)
Historisk bruk av namnet Mette
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Hald, Kristian 1974: [Personnavne i Danmark. 2. Middelalderen]. Fællesforenings Håndbøger. København.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.