Mia er eit kvinnenamn som er kortform av Maria på same måte som Mie er kortform av Marie.
Mia (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Mia
Eit utval personar med namnet Mia, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Mia Larsen Økland (1897)
- Mia Berner (1923)
- Mia Farrow (1945)
- Mia Couto (1955)
- Mia Gundersen (1961)
- Mia Hamm (1972)
- Mia Hundvin (1977)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Det er likskapstrekk mellom namneprofilane for Mia og Mie. Dei byrja begge på eit oppsving på slutten av 1900-talet – Mia litt før Mie – og begge nådde toppen omtrent samtidig, Mia i perioden 2005–2009 og Mie 2010–2014. I motsetning til nokre andre namnepar på -a og -e med klare forskjellar i kurveprofilane, til dømes Hilda – Hilde, kan dette altså ikkje påvisast for paret Mia – Mie.
Utvikling i bruk av namnet Mia frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.