Mikhail Suslov var ein sovjetisk politikar som hadde ei rekke sentrale stillingar under Nikita Khrusjtsjov og Leonid Brezjnev. Han er særleg kjent som sjefsideolog for det sovjetiske kommunistpartiet og var gjennom heile karrieren sin eit kompromisslaust partimedlem og etter kvart partitopp.
Mikhail Suslov
Faktaboks
Mikhail Andrejevitsj Suslov
- Uttale
-
suslov
- Fødd
- 21. november 1902, Sjakhovskoje, Russland
- Død
- 25. januar 1982, Moskva, Sovjetunionen (i dag Russland)

Politisk bakgrunn
Suslov melde seg inn i kommunistpartiet i 1921 etter å ha vore aktiv i ungdomsorganisasjonen Komsomol. I 1920-åra studerte han i Moskva ved dei nye utdanningsinstitusjonane som sovjetstyresmaktene hadde oppretta. Under Josef Stalin byrja han for alvor å klatre oppover i systemet.
I 1930-åra fekk Suslov mellom anna ansvar for utreinskingar i Ural og Tsjernihiv. Mot slutten av tiåret hadde han leiande stillingar i Rostov og Stavropol, der han også gjennomførte omfattande utreinskingar og deportasjonar, mellom anna av folkegrupper frå Kaukasia. Liknande oppgåver heldt han fram med etter andre verdskrigen, no i den nye sovjetrepublikken Litauen, der det fann stad omfattande deportasjonar og avrettingar av menneske sovjetstyret såg som motstandarar eller illojale.
Partitopp
I 1947 blei Suslov sekretær for Agitprop, kommunistpartiets organ med ansvar for «agitasjon og propaganda», ei stilling han overtok etter Andrej Zjdanov. Han fekk dermed ansvaret for kampanjane mot «formalistiske» kunstnarar og mot jødar («rotlause kosmopolittar»). Suslov etterfølgde også Zjdanov som sovjetisk representant i Kominform, der han var aktivt med på å ekskludere Titos Jugoslavia i 1948. Han blei kandidatmedlem til politbyrået i 1948 og var fullt medlem frå 1952. I 1948 fekk han i tillegg tittelen «kommunistpartiets ideologisekretær», ein tittel han hadde fram til han døydde.
Etter Stalins død støtta Suslov Khrusjtsjov i sistnemnde si rivalisering med andre partitoppar. I 1964 var han derimot aktivt med på å avsette Khrusjtsjov. Han tok ei førande rolle i å slå ned reformkommunismen i Ungarn i 1956, i Tsjekkoslovakia i 1968 og i Polen i 1981. Han var også med på å ta avgjerda om å invadere Afghanistan i 1979.
I 1965 blei Suslov utnemnt til visegeneralsekretær i kommunistpartiet. I periodar der Brezjnev var indisponert, til dømes etter eit slag i 1975, hadde Suslov ei endå meir leiande rolle i Sovjetunionen.
Sjølv om Suslov blir rekna som kommunistpartiets sjefsideolog i etterkrigstida, var han ingen viktig marxistisk teoretikar. Dette viser snarare til stillinga han hadde som «ideologisekretær» og at han hadde tydelege oppfatningar av kva som var den korrekte måten å formulere marxismen-leninismen og Sovjetunionens ideologi på. Han hadde suveren kontroll over kva for Lenin-sitat som høvde for eit kvart føremål. Han var også kompromisslaus overfor dei sovjetiske dissidentane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.