Mio er eit mannsnamn som kan vere serbisk og kroatisk kortform av samansette namn på Mio- som tyder ‘kjær’, til dømes Mio-drag. I boka om Mio (av Astrid Lindgren) er Mio namnet på ein ein gut, men Mio har her ikkje samanheng med det sørslaviske Mio, men er snarare å rekne som eit fantasinamn.
Mio (mannsnamn)
Kulturell bruk
- «Mio, min Mio» (1954) er ei barnebok av Astrid Lindgren om den foreldrelause guten Bosse (Mio).
Namnestatistikk
I 2022 var det 777 menn i Noreg som hadde Mio som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 88 gutar som fekk namnet Mio.
Utvikling i bruk av namnet
Utvikling i bruk av namnet Mio frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.