Nore og Uvdal er ein kommune i Buskerud fylke, øvst i Numedal. Den austre delen av kommunen, det tidlegare Nore, ligg omkring øvre delen av Numedal med dei store sjøane Pålsbufjorden og Tunhovdfjorden. Ved Rødberg deler hovuddalføret seg. Herfrå fører Uvdal vestover, opp mot Hardangervidda.
Kommunen, som strekkjer seg innover Hardangervidda til fylkesgrensa mot Vestland i vest og Telemark fylke i sør, er klart størst i fylket målt etter areal.
Nore og Uvdal utgjorde den nordre delen av Rollag kommune, slik han vart avgrensa då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå Rollag vart Nore og Uvdal skilt ut som eigen kommune i 1858, og denne kommunen vart i 1901 delt i dei to kommunane Nore og Uvdal. Frå Uvdal vart størstedelen av Dagali sokn i 1944 overført til Hol kommune. Etter dette utgjorde Nore 737 kvadratkilometer (km²) med 2253 innbyggarar og Uvdal 1768 km² med 1318 innbyggarar. Dei to kommunane vart i 1962 slått saman igjen til Nore og Uvdal kommune.
Nore og Uvdal grensar til Hol og Ål i nord, Nesbyen og Flå i nordaust, Sigdal i aust, Rollag i søraust, Tinn og Vinje i Telemark fylke i sør og Eidfjord i Vestland fylke i vest.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.