Norsk Allkunnebok var eit nynorsk leksikon som vart utgitt i ti band på Fonna Forlag frå 1948 til 1966. Arnulv Sudmann og Jostein Øvrelid var redaktørar for verket. Norsk Allkunnebok hadde nær 400 medarbeidarar som dekte mange fagområde. Det var det første leksikonet her til lands som baud seg fram med signerte artiklar. Verket vart redigert ut frå «særlege norske føresetnader», og alle artiklane var originalskrivne.
Norsk Allkunnebok hadde som eit viktig mål å fremja fagterminologi på nynorsk. Eit anna mål var å gje grundig informasjon om alle kommunar i landet. Men etter kvart som åra gjekk, og før leksikonverket var ferdig, vart mange kommunar slått saman. Det sørgde Schei-komiteen for.
Leksikonet var eit stort og tungt løft for utgjevaren som hadde planlagt fleire enn dei ti banda. Fonna Forlag fekk ein økonomisk knekk ved å gje ut Norsk Allkunnebok, sjølv om alle dei 10 000 setta vart selde.
Kommentarar (2)
skreiv Terje Svardal
Dokker bør rette originalskrevne til originalskrivne i første avsnittet.
svarte Anne Eilertsen
Takk skal du ha, dette er no retta.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.