Faktaboks

Offisielt namn
NORSKE SKOG ASA
Også kjend som

Norske Skogindustrier ASA

Organisasjonstype
Allmennaksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Geir Olav Drangsland
Styreleiar
Arvid Grundekjøn
Norske Skog
Norske Skog
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Norske Skogindustrier er eit norsk treforedlingskonsern grunnlagt i 1962 som Nordenfjelske Treforedling. Norske Skog gjekk konkurs i 2017, og i mai 2018 vart selskapet kjøpt av investeringsselskapet Oceanwood. I oktober 2019 vart Norske Skog notert på Oslo børs med ein eigenkapitalverdi på 3,14 milliardar kroner.

Norske Skog var ein av dei største produsentane i verda av avis- og magasinpapir med ein totalproduksjon i 2010 på 4 millionar tonn papir. Konsernet hadde på det meste 13 fabrikkar i 10 land over heile verda med ein samla produksjonskapsitet på 4,3 millionar tonn, av dette vel 70 % i Europa.

Konsernet hadde ei omsetning på over 1,3 milliardar kroner i 2016, med rundt 5250 tilsette (2010). Hovudkontoret låg i Bærum (Oksenøya på Fornebu).

Verksemd

Fabrikkane blir drivne vidare etter konkursen. Dei ligg i Noreg, Frankrike (Golbey), Tyskland (Duisburg), Nederland (Renkum), Austerrike (Bruck an der Mur), Brasil (Jaguariaiva), Chile (ved munningen av Río Bío-Bío ), Australia (Tasmania), New Zealand (Kawerau) og Thailand (Sing Buri). Konsernet eig òg ein tredel av avispapirfabrikken MNI (Malaysian Newsprint Industries) i Malaysia.

I Noreg er det fabrikkar for avispapir i Skogn (Norske Skog Skogn) og ved Hønefoss (Follum Fabrikker, Norske Skog Follum) og for magasinpapir i Halden (Saugbrugsforeningen, Norske Skog Saugbrugs).

Historikk

Nordanfjelske Treforedling vart stifta på initiativ av skogeigarorganisasjonane med føremål å byggje ein avispapirfabrikk på Skogn i Levanger. Drifta starta i 1966 og konsernet etablerte òg hovudkontoret sitt der. Skogeigarane hadde då halvparten av aksjekapitalen. Etter å ha overteke trelast- og skogbrukfirmaet Van Severen i Namsos og Ranheim Papirfabrik i Trondheim i 1971 (seinare selt), vart selskapet i 1972 omdøypt til Norske Skogindustrier. Før og etter namneskiftet overtok selskapet òg ei rekkje andre treindustribedrifter, mellom anna Våler Skurlag, Skarnes Trelast og Orkla Skogindustri.

I 1989 ekspanderte Norske Skog sterkt ved å overta Tofte Industrier i Hurum, Follum Fabrikker i Ringerike og Saugbrugsforeningen i Halden. Union Co. i Skien, der Norske Skog hadde vore hovudaksjonær sidan 1985, vart overteken i 1999. Same år selde Norske Skog det meste av trelastverksemda, som var samla i dotterselskapet Forestia med sagbruk i mellom anna Våler, Løten, Sokna og Namsos, til Moelven Industrier.

Internasjonal ekspansjon

Norsk skogs ekspansjon i utlandet byrja òg i 1989. Ein vedtok då å byggje ein papirfabrikk i Golbey i Frankrike. Fabrikken stod ferdig i 1992 og vart i 1999 utvida med ei ny papirmaskin. Under leiing av Jan Reinås (konsernsjef i perioden 1994–2003) vart Norske Skog eit stort internasjonalt selskap. Konsernet kjøpte fabrikkar i Austerrike (1996), Tsjekkia (1997) og i Sør-Korea og Thailand (1998).

Saman med to asiatiske papirprodusentar oppretta Norske Skog i 1999 selskapet Pan Asian Paper Company (PanAsia) og overførte dei asiatiske fabrikkane sine dit. PanAsia hadde òg fabrikkar i Kina. Norske Skogs eigardel i PanAsia var opphavleg ein tredel, som vart auka til halvparten i 2001.

I 2000 vart det New Zealand-baserte treforedlingsselskapet Fletcher Challenge Paper (FCP) overteken med fabrikkar i Australia, New Zealand, Sør-Amerika og Canada. Dette oppkjøpet var det største noka norsk bedrift til då hadde gjort i utlandet (21 milliardar kroner). Samstundes vart Tofte Industrier og Folla Industrier selt til svenske Södra. I 2001 fylgde eit stort oppkjøp (over 8 milliardar kroner) i Europa av fabrikkar i Tyskland (Walsum i Duisburg) og Nederland (Parenco i Renkum).

Norske Skog var den største private skogeigaren i landet, men selde i perioden 2001–2003 skogeigedomane og kraftverka sine. Salet omfatta mellom anna kraftverk i Haldenvassdraget, Drammensvassdraget, Skiensvassdraget og Nord-Trøndelag, og dessutan store skogar på Austlandet, i Namdalen og i Sverige.

Nedgang i papirmarknaden

Frå 2003 førte ein global overproduksjon av avispapir til ein generell ubalanse i bransjen og økonomiske problem for Norske Skog. Konsernet varsla difor store kostnadskutt og nedbemanningar, og i 2004 gjekk Reinås av som konsernsjef og vart etterfylgd av Jan Oksum (konsernsjef til 2006). I 2005 kjøpte Norske Skog seg likevel opp til eineeigar i PanAsia (ca. 4 milliardar kroner).

I 2006 vart Union i Skien nedlagt. Same år selde Norske Skog òg sin eigardel (erverva gjennom FCP-kjøpet i 2000) i det kanadiske selskapet Catalyst Paper, den tredje største trykkpapirprodusenten i Nord-Amerika. Produksjonskapasiteten vart òg redusert ved fabrikkane i Australia og Sør-Korea. I 2006 vart dessutan dei siste delane av treindustrien i Forestia selde, mellom anna ein sponplatefabrikk i Våler. Norske Skog selde seg i 2006 òg ut av selskapet Nordic Paper, som Norske Skog og M. Peterson & Søn hadde danna fem år tidlegare med fabrikkar for produksjon av feittalltid papir i Geithus, Greåker og Sverige. Same år tiltrådde Christian Rynning-Tønnesen som ny konsernsjef, ei stilling han hadde ut året 2009.

I 2007 vart det vedteke å redusere meir av den europeiske produksjonskapasiteten sin av avispapir, mellom anna på fabrikkane Skogn og Follum. Same år auka Norske Skog sin eigardel til 40 % i Industrikraft Midt-Noreg og bygde eit gasskraftverk i Skogn (Biokraft AS).

I 2008 vart avispapirfabrikken i Štětí i Tsjekkia (erverva i 1997) seld, det same vart to avispapirfabrikkar i Sør-Korea, og ei papirmaskin ved Follum vart stansa. Fleire eigedomar vart selde, mellom anna Oxenøen ved Lysaker, der selskapet heldt fram med ein leigeavtale for hovudkontoret sitt. I 2009 selde Norske Skog òg produksjonsverksemda si i Kina. Av det opphavlege PanAsia var då berre verksemda i Thailand tilbake.

Saman med fire skogeigarorganisasjonar starta Norske Skog i 2008 selskapet Xynergo, som skulle framstille store mengder biodiesel av trevirke ved Follum, men selskapet vart avvikla i 2010.

I desember 2011 vart det så vedteke å nedleggje avispairfabrikken Follum Fabrikker vinteren 2012. Parenco-fabrikken i Nederland vart seld same år. I 2016 er verksemda avgrensa til produksjon av magasinpapir ved Saugbrugs i Halden og avispapirverksemd i Skogn. Den globale verksemda avgrensar seg til anlegg i Frankrike og Austerrike, og dessutan noko verksemd i Oseania og eit deleid anlegg i Malaysia.

Utover på 2000-talet vart det tydelegare at Norske Skog hadde store gjeldsproblem. Ved utgangen av 2016 hadde selskapet ei netto renteberande gjeld på 8,5 milliardar kroner, og i april 2017 gjekk det så langt at det vurderte å søkje konkursvern.

Konsernsjef Sven Ombudstvedt, som tok over etter Christan Rynning-Tønnesen i 2009, sa opp omgåande 7. mai 2017.

20. desember 2017 melde Norske Skog oppbod i Oslo byfutembete, med ei gjeld på 9,2 milliardar kroner. Det vart vedteke at papirfabrikkane, mellom dei Saugbrugs, vart auksjonerte bort. I mai 2018 vart selskapet kjøpt av investeringsselskapet Oceanwood.

I oktober 2019 selde Norske Skog papirfabrikken i Albury, Australia, til den australske emballasjegruppa Visy. Same månad vart selskapet notert på Oslo Børs med ein eigenkapitalverdi på 3,14 milliardar kroner.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Pollen, Geir: Langt frå stammen: historia om Norske Skog, 2007

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
17.120 Produksjon av papir og papp