Ola Five var lærar, venstrepolitikar og skyttarlagsorganisator. Han var hovudmannen bak folkevæpningsrørsla i 1880-åra.
Five var gardbrukar- og lærarson og tok eksamen ved lærarseminaret i Klæbu i 1865 og vart cand.real. i 1876. Han arbeidde som allmugeskule- og folkehøgskulelærar før han i perioden 1876–1892 var styrar for amtsskulen i Innherred. Deretter var han lærar ved seminaret i Kristiansand til 1896.
Frå kring 1870 var Five med i Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, men gav til slutt opp å reformere den sentralstyrte organisasjonen. I 1881 skipa han Indtrøndelagens og Namdalens folkevæbningssamlag, og året etter vart det sett ned eit fellesstyre for folkevæpningssamlaga, med Five som formann. Under dekke av skyttarlagsaktiviteten fungerte dette som ein folkemilits Venstre hadde i bakhand om det skulle kvesse seg til i riksrettskampen. Då dei to skyttarorganisasjonane slo seg saman att til Det frivillige skyttervesen i 1893, vart Five den første formannen, og frå 1896 hadde han levebrødet sitt i skyttarrørsla, til 1908 som formann og deretter som kontorsjef (til 1919).
Five var venstrepolitikar og sat på Stortinget i perioden 1900–1903. Han var målmann med tillitsverv både i Det norske Samlaget, Det Norske Teatret og Den 17de Mai, og han personifiserer det sterke sambandet mellom målsaka og skyttarsaka frå 1880-åra til første verdskrigen.
Five oppretta Fivefondet våren 1916 (stadfesta av Sosialdepartementet i 1917) med ein midel på 2550 kr. Fondet er seinare auka med nye gåver, og var i 2015 på om lag 180 000 kr. Fondet har som føremål «å stydja medlemer av Studentmållaget til å få gjeve ut skrifter, serleg umsetjingar av framande bokverk eller arbeid um framande bokverk og bokmenner på norsk [nynorsk].»
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.