Snorre Sturlason siterer fleire strofer av Ottar Svarte i Edda. Kjeldene til det vi elles veit om Ottar er ulike kongesoger, slik som Eldste Saga, Legendariske saga, Fagrskinna, Knýtlinga saga, Snorres særskilde Olavssoge og Heimskringla. Dei fleste strofene som er overleverte etter Ottar, er siterte som kjelder i kongesogene, og her vert det òg referert til nokre episodar i skaldens liv. Mellom anna skal han ha dikta ein mansǫngr (kjærleiksdikt) til den svenske kongsdottera Astrid. Dette heldt på å koste Ottar livet då han kom til kong Olav Haraldsson, som i mellomtida hadde gift seg med Astrid.
Eldste saga, Legendariske saga og Styrmes tapte soge om Olav den heilage (tekst frå Styrme finst i Flateyjarbók og andre interpolerte handskrift av den særskilde Olavssoga) fortel at då Ottar kom til Noreg etter Olof Skötkonungs død i 1022, førte rykte om kvadet til Astrid til at han vart kjøleg motteken av Olav Haraldsson. I nokre versjonar av anekdoten vil kongen drepe han. Sigvat skald bad om å få høyre kvadet og rådde Ottar til å dempe innhaldet og ta ut nokre strofer. Deretter skulle han kvede det omdikta kvadet om Astrid for kongen, for så å kvede eit lovkvad om kongen. Dette gjorde at Ottar vart forlikt med kongen. Lovkvadet om Olav Haraldsson kallast Hǫfuðlausn, ’hofudløysinga’, fordi Ottar kjøpte seg livet med dette kvadet.
Det ser ut for at Ottar tidleg gjekk over til kong Knud. Til Knud dikta Ottar lovkvadet Knútsdrápa. Dei fleste av dei bevarte strofene er overleverte berre i Knýtlinga saga. Diktet fortel om Knuds kampar i England i perioden 1015–1016 og om slaget ved Helgeå, som fann stad mellom 1025 og 1027. Legendariske saga fortel at kong Knud som skaldeløn gav Ottar ein hjelm fylt med sølvpengar. Soga seier rett nok ikkje at det var Knútsdrápa som vart løna slik, og episoden er her også plassert før Ottars opphald hjå kong Olav Haraldsson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.