Parelius er eit mannsnamn som opphavleg er eit slektsnamn. Det er ei omsetjing til gresk av stadnamnet Solnør i Ørskog (Møre og Romsdal). Her har Sol-nør vorte til Para-helios. Det greske [helios] tyder ‘sol’ og [para] ‘nær’. (Para- er ei noko fri omsetjing av -nør i Sol-nør.) Endinga-us i Parelius er tatt frå latin, og namnet Parelius inneheld dermed element både frå gresk og latin.
Det var særleg studentar i København på 1700- og 1800-talet som stod for slike omsetjingar. Ludvig Holbergs student Rasmus Berg latiniserte såleis namnet sitt til Erasmus Montanus. Fordi Parelius også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.