Pedro Carmona-Alvarez er ein prislønt chilensk-norsk forfattar, musikar og gjendiktar som gjennom eit musikalsk og intenst lyrisk språk gir ei stemme til dei undertrykte i samfunnet.
Pedro Carmona-Alvarez
Faktaboks
- Fødd
- 15. februar 1972, La Serena, Chile


Bakgrunn
Pedro Carmona-Alvarez er fødd i La Serena i Chile. Som tiåring flykta han med familien frå Chile til Argentina og seinare til Noreg. Han studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i perioden 1994 til 1995. Frå 2003 til 2009 var han redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler.
Forfattarskapen
Lyrikk
Carmona-Alvarez debuterte som lyrikar i 1997 med diktsamlinga Helter og fekk allereie frå starten mykje merksemd frå kritikarar og publikum for diktbøkene sine. I ettertid har han gjeve ut fleire diktsamlingar, mellom anna Clown Town (2002), Prinsens gate (2004) og Sanger for kor (2015).
Lyrikken til Carmona-Alvarez er særmerkt av eit musikalsk og intenst språk. Stemma i dikta opptrer gjerne på vegner av eit «vi», der han koplar saman det individuelle med ein universell bodskap. I eit kulturelt spenn mellom det latinamerikanske og det norske gir Carmona-Alvarez ei diktarstemme til dei undertrykte og dei sørgande.
Carmona-Alvarez set om dikt frå spansk til norsk. Saman med Gunnar Wærness gav han i 2010 ut Verden finnes ikke på kartet, der poetar frå 25 land er representerte.
Romanar
I romanen Rust (2009) vekslar handlinga mellom to miljø, i Noreg og i Chile. Han har også gitt ut romanane La det bare bli blåmerker igjen (2000) og Hjemmelekser (2007), der sistnemnde blant anna inneheld essayer, artiklar, dikt og anmeldelsar. Romanane Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012) og Bergen Ungdomsteater (2016) handlar om kjærleik, tap og sakn, og Carmona-Alvarez utforskar kven vi er, og kven vi trur vi er.
Musikalske samarbeid
Carmona-Alvarez er også musikar. Han har spela i band som Moon Pedro & the New Farm Street Orchestra og Sister Sonny. Saman med Stein Torleif Bjella og Frode Grytten spelar Carmona-Alvarez i litterærmusikalske konstellasjonar der tekstane står i sentrum.
Utmerkingar
I 2004 fekk Carmona-Alvarez Cappelenprisen, i 2005 Sultprisen, i 2010 Diktartavla og Kritikarprisen for beste omsetjing, og i 2012 P2-lyttarane sin romanpris. I 2022 fekk han Triztan Vindtorns poesipris for innsatsen sin for norsk poesi.
Utgivingar
Lyrikk
- Dobbeltliv. H//O//F, 2022
- Inventarium (Lyrikk, Kolon, 2020)
- Buktalerens rike. Dikt 1997-2017 (Lyrikk, Kolon, 2017)
- Samtaler med onkel Nica og tante Viola (Lyrikk, Kolon, 2015)
- Sanger for kor (Lyrikk, Kolon, 2013)
- Prinsens gate (Lyrikk, Cappelen, 2004)
- Clown town (Lyrikk, Cappelen, 2002)
- Helter (Lyrikk, Cappelen, 1997)
Romanar
- Chiquitita. 2023
- Refrenger. Tekster om stemmer og avtrykk (Kolon, 2019)
- Bergen Ungdomsteater (Roman, Kolon, 2016)
- Og været skiftet og det ble sommer og så videre (Roman, Kolon, 2012)
- Rust (Roman, Kolon, 2009)
- La det bare bli blåmerker igjen (Cappelen, 2000, nyutgitt 2022)
Gjendikting og formidling
- Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (Nasjonalbiblioteket, 2021)
- Raúl Zurita: Skjærsild (Gjendiktning, Kolon, 2020)
- Volum. En spilleliste (medforforfatter) (Antologi, Cappelen Damm, 2015)
- Verden finnes ikke på kartet. Poesi fra hele verden (medredaktør) (Lyrikk, Oktober, 2010)
Essayer
- Hjemmelekser (Essayer, Cappelen, 2007)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.