Reinhold er eit mannsnamn som kjem av gammalhøgtysk Ragin-ald. Forleddet tyder ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘herskar’. Etterleddet -ald i gammalhøgtysk går tilbake til eit eldre -wald.
Reinhold (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Reinhold
Eit utval personar med namnet Reinhold, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Reinhold von Hoven (1607–1682)
- Jakob Michael Reinhold Lenz (1751–1792)
- Johann Reinhold Grauer (1756–1819)
- Friedrich Reinhold Kreutzwald (1802–1883)
- Franz Hermann Reinhold Frank (1837–1894)
- Frans Reinhold Kjellman (1846–1907)
- Bastian Reinhold Larsen (1856–1919)
- Reinhold Niebuhr (1892–1971)
- Reinhold Messner (1944)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Reinhold som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Reinhold i perioden 1900–2017, var det 71 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Reinhold. Dette inneber at 29 prosent hadde Reinhold som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.