Rivedal er ei grend i Askvoll kommune i Vestland fylke. Grenda ligg på nordsida av Dalsfjorden. Ifølgje tradisjonen kom Ingolv Arnesson, den første landnåmmannen på Island (874), frå Rivedal, og eit monument er reist til minne om han.
I desember 2013 opna Dalsfjordsambandet som bind saman kommunane Askvoll og Fjaler med ny veg og bru.
Hovudnæringa i bygda er jordbruk. Fleire av grunneigarane gjekk saman om bygginga av elvekraftverket Rivedal Kraftverk AS, som opna i 2005.
Namnet. Første ledd av eit bortkome elvenamn Rífa, 'rive sund'.
Kommentarar (2)
skreiv Johannes Hamre
svarte Svein Askheim
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.