Fesjået for telemarksfe, Dyrsku'n (sidan 1866), har utvikla seg til ein viktig handelsmarknad. I juli blir det arrangert kappleik og kunstutstillingar.
Seljord har til alle tider vore rikt på folketradisjonar. Det var her folkeminnesamlarane Magnus Brostrup Landstad og Olea Crøger fann mykje av tilfanget til den store samlinga Norske Folkeviser. Den viktigaste tradisjonsberaren både for eventyr og balladar var Anne Golid på Seljordsheia. Seinare har folkemusikarar som Leiv Sandsdalen, Jørgen Tjønnstaul og Signe Flatin Neset utmerka seg. Treskjeraren Olaf Glosimodt blei seinare ein kjent bilethoggar i København. Som ganske ung skar han døypefonten i Seljordskyrkja.
Kjende forfattarar er Jørund Telnes, Andreas J. Sandsdalen, Halvor J. Sandsdalen, Ingebjørg Kasin Sandsdalen, Guro Sandsdalen, syskena Olaus Høydal og Aslaug Høydal, Kim Leine og Helga Flatland.
Seljord kyrkje er reist på 1100-talet. Ved kyrkja står Anne Grimdalen sitt monument over Magnus B. Landstad, som var prest i Seljord i åra 1840–1848. Like ved ligg steinen på 570 kilo som «Sterke-Nils» (Nils Olsson Langedal, 1722–1800) skal ha løfta. I Flatdal ligg Flatdal kyrkje frå 1654 og dessutan Nutheim gjestgiveri. Åmotsdal kyrkje er ei lafta korskyrkje frå 1792.
Der er to museum i kommunen: Eva Bull Holtes Museum viser mange av bileta til denne kunstnaren, medan det meir kuriøse Sjøormmuseet fortel om tradisjonane som hevdar at det er ein sjøorm i Seljordsvatnet.
I Seljord sentrum er det eit minnesmerke over elleve amerikanske soldatar som miste livet i ei flyulykke på toppen Gøysen på Skorvefjellet i 1944. Berre éin månad seinare styrta eit tysk passasjerfly på Hestnutan i det same området.
Vest-Telemark blad dekkjer seks kommunar, mellom anna Seljord. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor på Kviteseid, kjem ut tre gonger i veka og vert redigert på nynorsk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.