Svein Erik Brodal er skodespelar, instruktør, dramatikar og lyrikar. Han var teatersjef ved Det Norske Teatret i tolv år.
Brodal tok latinartium ved Katedralskolen i Oslo og kom inn på Statens Teaterhøgskole som 19-åring. Han vart cand.mag. med faga teatervitskap, kunsthistorie og idéhistorie ved Universitetet i Oslo i 1972.
Brodal kom til Det Norske Teatret i 1962 og var ved dette teatret til han gjekk av med pensjon i 2009. Han har to gonger vore teatersjef, og han var den som fekk æra av å vere teatersjef då teatret flytta inn i det lenge etterlengta nybygget i Karl Johan-kvartalet. Brodal satsa spesielt på store og dristige musikalprosjekt i sjefstida si, til dømes Cats (1985) og Les Miserables (1988).
Brodal var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå 1997 til 2001.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.