Soga er eit slags propagandaskrift for kong Sverre; i byrjinga blir alt sett ut frå hans ståstad, og soga gjev overtydande «prov» på at kong Sverre verkeleg er den rette kongen, både etter landsens rett og ikkje minst etter Guds vilje. Sverre blir framstilt som ein eigna, klok og rettferdig konge, ein rex justus, og den bibelske kong David blir eit førebilete for den kongegjerninga Sverre ser føre seg i soga.
Kong Sverre var sjølv utdanna som prest på Færøyane og hadde truleg god kjennskap til helgenlitteraturen. Vi ser at byrjinga av soga ligg nær den klassiske helgenlegenda:
Helgenlegendene byrjar ofte med opplysningar om foreldra, og vi får varsel om at barnet er heilag i draumar og openbaringar. Helgenen viser tidleg store evner og er from gjennom heile livet. Helgenen kan bli bydd høg verdigheit, men vegrar seg for å ta imot denne. Pilegrimsferd til Roma er også eit trekk ved helgensogene, og vi får høyre om mirakel og gode gjerningar, før helgenen møter døden med eit lystig sinn.
Vi finn mange av desse trekka igjen i Sverressoga. Mor til Sverre fer til Roma i pilegrimsferd og blir trudd av paven når ho seier at ho har fått barn med ein konge. Dette kan tolkast som at Sverre blir velsigna av paven alt før han sjølv får vite sanninga om far sin. Det blir brukt stor plass på å fortelje om korleis Sverre vegrar seg mot å bli hovding for birkebeinarane: Sverre må overtalast og kjem stadig med nye orsakingar, og han går ikkje med på å leie flokken før han blir truga på livet.
Det er også fortalt om hendingar som grenser opp til det mirakuløse, til dømes i kapittel 13, då Sverre tek seg over eit vatn på ein flåte. Han står med vatn opp til leggen, men tek likevel med ein mann som gjerne vil over saman med han. Dei står då med vatn til knes på flåten, og når dei har kome over og stig av, søkk flåten som ein stein i vatnet. «Denne hendinga syntest alle var merkeleg, som eit under», kommenterer soga. Sverre syner nestekjærleik, sjølv om han sjølv kjem i fare.
Eit anna slikt døme er ferda over Vossefjellet i kapittel 19 til 20. Eit uvêr rasar i fire dagar, og birkebeinarane vil helst gjere ende på seg sjølve. Sverre held ein tale og ber til Gud. Stormen stilnar, og sola tek til å skine.
Slike forteljingar kunne godt ha stått i ein hagiografi, og dei har parallellar i historiene om Jesus som går på vatnet og som stilnar stormen.
Kommentarar (2)
skreiv Ola Haugen Havrevoll
Lenka til omsetjinga til nynorsk ser ut til å vera til den gamalnorske teksten, og slett ikkje nynorsk!
svarte Børge Nordbø
Det har du jammen rett i! Lenkje til Kohts omsetjing er lagt til. Koht omsette etter handskriftet Eirspennill, i motsetnad til dei fleste andre omsetjingar. Kohts omsetjing vart revidert mot handskriftet AM 327 4to i «Noregs kongesoger», band 3, Oslo 1979. Den er ikkje tilgjengeleg hjå nb.no, men er annleis (og etter mitt syn betre) enn 1962-utgåva (og seinare utgåver i serien Norrøne Bokverk). 1979-utgåva er også utstyrt med relevante illustrasjonar, gode realkommentarar og eit fyldig føreord av Hallvard Magerøy.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.