Teodor kjem av eit toledda gresk mannsnamn, Theo-doros, der forleddet tyder ‘gud’ og etterleddet ‘gåve’.
Teodor (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Teodor
Eit utval personar med namnet Teodor, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Per Teodor Cleve (1840–1905)
- Josef Teodor Konrad Korzeniowski (1857–1924)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 513 menn i Noreg som hadde Teodor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 50 gutar som fekk namnet Teodor.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Teodor og Theodor slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar, til dømes Teodor og Theodor. Dette gjeld dessutan namn som Adrian, Fabian, Julian, Kristoffer, Leander, Marius og Nikolai. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000, men Teodor – og Theodor – skil seg ut ved at namnet hadde ein tidleg toppfase (1870–1874) da namnet var nesten like vanleg som på 2000-talet. Sidan år 1900 har Theodor vore brukt nesten tre gongar så mykje som Teodor.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Teodor var klart mest brukt i Vest-Agder.
Teodor var klart mest brukt i Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Theodor.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.