Thorleif er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-leifr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘arving, etterkommar’.
Thorleif (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Thorleif
Eit utval personar med namnet Thorleif, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Thorleif Bache (1880–1964)
- Wilhelm Thorleif von Munthe af Morgenstierne (1887–1963)
- Thorleif Haug (1894–1934)
- Thorleif Schjelderup-Ebbe (1894–1976)
- Thorleif Boman (1894–1978)
- Thorleif Eken (1900–1954)
- Thorleif Karlsen (1909–2010)
- Thorleif Schjelderup (1920–2006)
- Thorleif Olsen (1921–1996)
- Thorleif Enger (1943)
Namnestatistikk
I 2022 var det 611 menn i Noreg som hadde Thorleif som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Torleif og Thorleif slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Thorleif høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Torleif, som var på topp 1900–1914, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.