Torpo er ein tettstad i Ål kommune i Buskerud. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 376 innbyggjarar (2023).
Torpo ligg på nordsida av riksveg 7 og Hallingdalselva; på sørsida Torpo jernbanestasjon på Bergensbanen. I tettstaden ligg eit sagbruk.
Millitærleiren Torpomoen ble først grunnlagt i 1834 da det Hallingdalske Nationale Musqueteer Corps trengte et øvingssted. Den ble så nedlagt i 1860 og var markedsplass i mange år. Under den andre verdenskrig bygde tyskerne en brakkeleir med plass til 1500 soldater på plassen. Etter krigen overtok Heimevernet leiren og hadde den som tilholdssted frem til 2001. Torpomoen er siden drevet av Ål kommune og private firma til forskjellige formål.
Staden har to kyrkjer like ved kvarandre. Den eldste er Torpo stavkyrkje frå slutten av 1100-talet, truleg Hallingdals eldste bygning. Den nye Torpo kyrkje er frå 1880.
Namnet kjem av norrønt Þorp, 'gard'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.