Torvald er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-valdr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘herskar’.
Torvald (mannsnamn)
Personar med namnet Torvald
Kulturell bruk
- Torvald Helmer i Henrik Ibsens «Et dukkehjem» (1879).
Kjende personar med namnet Torvald
Eit utval personar med namnet Torvald, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Torvald Tu (1893–1955)
- Leif Torvald Halse (1896–1984)
- Torvald Faye Klaveness (1913–1996)
- Torvald Moseid (1917–2000)
- Knut Torvald Giæver (1926–2015)
- Torvald Sund (1952)
- Torvald (islandsk høvding)
- Torvald Toresson
Namnestatistikk
I 2022 var det 319 menn i Noreg som hadde Torvald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 gutar som fekk namnet Torvald.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Torvald og Thorvald slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Torvald og Thorvald skil seg ut frå dei fleste andre samansette nordiske namna ved at dei hadde ein tidleg toppfase (1865–1874). Dei fleste andre samansette namna hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Torvald var mest brukt i Vest-Agder.
Torvald var mest brukt i Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorvald.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.