Unni-Lise Jonsmoen er biletkunstnar, illustratør og barnebokforfattar. Med sin karakteristiske stil og store produksjon har ho gitt eit viktig bidrag til norsk barnelitteratur frå 1960-åra og fram til notida.
Unni-Lise Jonsmoen
Faktaboks
Unni-Lise Hansen (fødenamn)
- Fødd
- 21. april 1936, Oslo

Bakgrunn
Som ungdom leid ho av tuberkulose, noko ho har skildra i den sjølvbiografiske boka Lukket dør (2017). Ho tok utdanning ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1955–1959. Ho bur i Alvdal og er gift med forfattaren Ola Jonsmoen, som ho har samarbeidd med om fleire bøker.
Forfattar- og kunstnarskap
Jonsmoen har illustrert ei rekkje skulebøker, barnebøker og diktsamlingar. Ei av dei tidlege barnebøkene var Det hende i Taremareby av Ingebrigt Davik (1960), der ho har dekorative teikningar i oransje og svart. Ho har sjølv skrive fleire bøker som ho har laga illustrasjonar til, mellom dei Svarttrosten som forsov seg (1979), Kjenner du fru Frodig? (1982) og Maren Ingeborg og Pus på Rørosmartnan (1990).
Ved sida av bokarbeidet har ho hatt mange offentlege utsmykkingsoppdrag, ikkje minst i Østerdalen, der måleria og teikningane hennar finst både på skular, på pleieheimar, i kyrkjer og i forretningar. Jonsmoen har hatt ei rekkje utstillingar, både i Noreg og i utlandet.
Teknikken hennar varierer frå enkle strekteikningar til fleirfargetrykk. Illustrasjonane viser ein humor som kan ha ein tendens til overdriving og kan strekkje seg inn i det karikerte.
Prisar
Jonsmoen har vunne fleire prisar. Mellom anna fekk ho Kyrkje- og kulturdepartementet sin illustrasjonspris i 1960, 1961, 1965 og 1966, og Hedmark fylke sin kulturpris i 1989 (saman med ektemannen).
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Gunn Hvamstad og Randi Arnestad (red.). Unikt tospann : Ola og Unni-Lise Jonsmoen : to kunstnarar – ein med ord og ei med bilde. Tynset, 2018. Les boka her.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.