Faktaboks

Vadheim
Etymologi
‘vadestad’

Vadheim er ei tettgrend i Høyanger kommune i Vestland fylke.

Vadheim ligg ved botnen av den fem kilometer lange Vadheimsfjorden, som er ein nordgåande arm av Sognefjorden. Her finst mykje industri. Vest for tettstaden ligg Dyrnesli kraftverk (6,5 MW). Det er ein del turisttrafikk. I Vadheim møtest E39 og fylkesveg 55. Like sør for Vadheim går fylkesveg 55 gjennom Vadheimstunnelen, som er 1658 meter lang.

Namnet kjem av vad, 'vadestad', og heim. Den lokale uttalen av namnet er vaim.

Kart

Vadheim
Vadheim
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon