Bransje er ein del av ei næringsgrein, vanlegvis utskilt etter objektet for verksemda.
Bransjeoppdelinga i detaljhandelen skjer etter vareutvalet. Ein snakkar om skotøybransjen, møbelbransjen og så vidare. I forsikringsvesenet blir bransjen delt etter forsikringsobjektet, for eksempel brannforsikringsbransjen og sjøforsikringsbransjen. I industrien blir uttrykket industrigrein brukt meir enn bransje.
Ei bransjeforeining er ei samanslutning av næringsdrivande innanfor ein enkelt bransje.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.