Ein dal er ei langstrekt fordjuping i jordskorpa. Dalar består i hovudsak av to delar: dalbotn og dalside. Saman utgjer dette dalføret som eit naturleg dreneringsområde vil famne om. Dalen er enten danna ved at jordoverflata er utgraven av rennande vatn (til dømes elver eller brear (erosjonsdalar)), eller ved rørsler og sprekkdanningar i jordskorpa (brot- og sprekkedalar).
I brot- og sprekkedalar er retninga på dalen bestemt av berggrunnsgeologien. Orienteringa til dalen er påverka av strukturgeologien i området, og følgjer hovudstrøkretninga til foldinga eller forkastinga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.