Det er nokså vanleg at folk i Noreg nyttar dialekten sin når dei snakkar med andre menneske. Det språklege klimaet i Noreger slik at dialektbruk er meir vanleg her enn i dei fleste land i Europa.
- Les meir om dialekter i Noreg eller norsk språkhistorie
Bruk av dialekt er godtatt på dei fleste samfunnsområda: I skulane, på universiteta, i TV og radio, i poesi og popptekstar og så vidare. I norske aviser er det ikkje sjeldan me kan lesa om dialektar, og om at dialekten der eller der er i endring. Truleg er Noreg det einaste landet i Europa der reportasjar av dette slaget er godt avisstoff. Når folk frå ulike delar av landet blir intervjua i radio og på fjernsyn, snakkar dei fleste sin lokale dialekt. Endåtil på talarstolen i Stortinget er bruk av dialekt heilt vanleg, noko som også er eit særnorsk fenomen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.