Valdresmål er ein norsk dialekt som høyrer til det midlandske målområdet. Valdres ligg mellom Hallingdal og Gudbrandsdalen. Valdres og Hallingdal høyrde fram til 1737 til same prosti, og valdresmålet har i dag mange felles dialektdrag med hallingmålet. Valdres grensar til Vestlandet, og mange særdrag i dialekta peikar vestover. Men det er dei austnorske draga som dominerer, og valdresmålet er eit jamvektsmål som høyrer inn under det austnorske jamvektsområdet.
Valdresmålet har kløyvd infinitiv. Infinitivar med gammal lang rotstaving har e-ending: å kaste, å skrive, medan dei med kort rotstaving i norrønt har former på -a: å baka og å vera. Etter j-farga konsonant blir det infinitiv på -i: å fuLji (følgje), å lijji (liggje).
Dei svake hokjønnsorda har også kløyvde former, med ulike endingar etter som ordet er jamvektsord eller overvektsord: ai vise – den visa (overvektsord), men ei støgo – den støgo (jamvektsord). Valdresmålet skil likevel ikkje mellom jamvektsord og overvektsord i dei svake hankjønnsorda. Det heiter i Valdres: ain bete – fLeire beta, og ain låve – fLeire låva. Valdresmålet skil seg her frå gudbrandsdalsmålet, som har formene ein beta – fLeire beta og ein låve – fLeire låve.
Kommentarar (5)
skreiv Ellie Mäkelä
skreiv Martin Skjekkeland
svarte Ellie Mäkelä
svarte Martin Skjekkeland
svarte Ellie Mäkelä
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.