Dialektologi er læra og forskinga om dialektar. Denne forskingsgreina tar blant anna for seg ulike dialektars grammatikk og ordforråd, og geografisk utbreiing av ulike dialekttrekk.

Faktaboks

Uttale

dialektologi

Etymologi
av gresk, sjå dialekt, -logi kjem av gresk logia, og dannar substantiv som skildrar ei lære eller ein vitskap

Moderne dialektologi har mykje til felles med sosiolingvistikk, særleg når det gjeld å studere korleis nye dialekttrekk sprer seg og korleis eldre dialekttrekk blir borte. Men i motsetnad til sosiolingvistikken tar ikkje dialektologien for seg sosial variasjon (som sosiolektar) eller fleirspråklege praksisar (som fleirspråklegheit og multietnolekt). Dialektologien har òg ein lengre historie enn sosiolingvistikken.

Dialektgrammatikk

Tjukk L
Tjukk L
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

I dialektologien er det vanleg å definere ein dialekt som eit språksystem som blir brukt i eit geografisk avgrensa område. Grammatikken til ein dialekt blir skildra med språkvitskaplege omgrep.

I norsk er det særleg språklydar (fonologi) og bøyingsformer (morfologi) som skil ulike dialektar frå kvarandre, og difor er det vanleg at ein norsk dialektgrammatikk legg vekt på desse. Ein dialektgrammatikk kan for eksempel ha ein presentasjon av kva vokalfonem som finst i dialekten, og eksempel på kva type ord ulike vokalar brukast i. Ofte vil ein legge særleg vekt på dei dialekttrekka som skil dialekten frå andre norske dialektar. For eksempel kan ein forklare at dialekten har tjukk l og skildre kva type ord som har tjukk l i denne dialekten.

Dialekttrekk kan også vere bøyingsendingar og bøyingssystem. For eksempel kan dialektgrammatikken skildre kva for bøyingsendingar som finst for bestemt form fleirtal (-ene på bokmål, -an og -en på narvikdialekt). Ein kan også skildre korleis dei ulike endingane er fordelte, for eksempel kva bøyingsendingar som brukast på hokjønns-, hankjønns- og inkjekjønnsord, og om det er unntak frå hovudsystemet.

Geografisk utbreiing

Dialektgeografi er den delen av dialektologien som studerer geografisk utbreiing av ulike dialekttrekk (også kalla målmerker). Her ser ein på kor eit dialekttrekk blir brukt og kor grensene mellom bruk av ulike dialekttrekk går. Eit eksempel er grensa mellom dialektar med skarre- r og rulle-r.

Slike grenser kallast for isoglossar, og dei blir gjerne teikna inn på kart. Innanfor klassisk dialektologi, frå midten av 1800-talet og fram til 1970-åra, var slike kart med isoglossar eit viktig produkt av forskinga.

Dialektologar har utarbeidd dialektatlas for ei rekke språk i verda. I desse atlasa er det samla informasjon om mange dialekttrekk og kor i landet dei er utbreidde. Det har ikkje blitt publisert eit slikt atlas for norsk, men det finst mange dialektkart over ulike dialekttrekk i norsk. I dag har den teknologiske utviklinga gjort det mogleg å samle inn og ordne dialektmateriale i elektroniske kart.

Ordforråd i dialektane

Ei anna grein innanfor dialektologien studerer ord og ordformer i dialektar. Her er det særleg ord og ordformer som ikkje er brukt i standardspråket som er av interesse. Ein kan dokumentere at dialektane har ulike ord for det same fenomenet og sjå på utbreiinga av desse orda.

Studiet av utbreiinga av ord kallast også for ordgeografi. Dette kan vere utgangspunkt for dialektordbøker eller kart.

Historisk om dialektologi i Noreg

Dialektologien kan ein kople til framveksten av den jamførande språkvitskapen, og Ivar Aasen sin innsats var avgjerande for starten på eit vitskapleg studium av dialektar i Noreg.

Ein kan sjå på framveksten av den norske dialektologien både som eit resultat av generelle nasjonalromantiske straumdrag og av det språkhistoriske sin sterke posisjon innanfor språkvitskapen frå tidleg på 1800-talet og utetter. Dette var med på å skape eit autentisitetsideal i klassisk dialektologi, der det var om å gjere å fange opp det «eigentlege» og «ekte» språket. Dette meinte ein gjerne å finne hos eldre språkbrukarar i rurale område med familietilhøyrsle til staden. Det har derfor vore ei utbreidd førestilling om at dialekt er det same som bygdemål.

Ei rekkje små og store bymålsgranskingar på byrjinga av 1900-talet gjorde at ein etter kvart forstod at dialektane i byane hadde fellestrekk med bygdemåla kring byane. Her spela språkgranskaren Amund B. Larsen ei sentral rolle.

Dei norske dialektane vart ofte kalla målføre, talemål eller folkemål i slike granskingar. Sidan ein ikkje hadde lydopptakarar, var den vanlege innsamlingsmetoden å skrive ned korleis folk snakka. På byrjinga av 1900-talet vart dette systematisert i form av ordlister over ord som skulle dekke dei fleste moglege dialekttrekk i norsk, først og fremst ordlista til Johan Storm. Denne ordlista (og seinare reviderte versjonar) vart brukt heilt fram til 1970-talet.

Dokumentasjonen av dialekten gjekk ut på at ein forskar snakka med ein språkbrukar (gjerne ein eldre språkbrukar i eit ruralt område) og spurte korleis han uttalte orda i ordlista, og så vart dette skrive ned. For studiet av ordforråd vart også spørsmål sendt ut til informantar per brev der ein bad dei om å sende inn dialektord knytte til eit tema, for eksempel strikking eller båtbygging. Dei dialekttrekka og dialektorda som vart samla inn, har blitt brukt som grunnlag for å skildre dei ulike dialektområda i Noreg og for å lage dialektkart. Ordforrådet i norske dialektar er også dokumentert i Norsk Ordbok. Mykje av det innsamla materialet finst i dag bevart i arkivet Språksamlingane.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg